torsdag 19. juni 2008

1 månad igjen!

Hei alle to som les bloggen vår! Aukande grad av spørsmål om korleis ting går, om alt er i boks og så vidare. Det er det nok ikkje, men vi kjem nærare for kvar dag som går! Veldig kjekt at så mange har sagt seg villige til å hjelpe til med det eine og/eller det andre! Trur iallfall det kjem til å bli ei kake eller to eller tre eller fire på bordet utpå kvelden. Det her vert bra!

Ellers så er det nok mest fokus på flytting for augenblinken. Kristian har endeleg levert Master-oppgåva si og det vil seie at han har god tid til å ta tak i alle tinga som har overvintra bak på kottet. Resultatet er at det allereie no er fleire kasser rundt omkring i vår kjempestore leilighet. Og neste laurdag må alt vere klart, då ber det sørover med flyttelass!