torsdag 19. juni 2008

1 månad igjen!

Hei alle to som les bloggen vår! Aukande grad av spørsmål om korleis ting går, om alt er i boks og så vidare. Det er det nok ikkje, men vi kjem nærare for kvar dag som går! Veldig kjekt at så mange har sagt seg villige til å hjelpe til med det eine og/eller det andre! Trur iallfall det kjem til å bli ei kake eller to eller tre eller fire på bordet utpå kvelden. Det her vert bra!

Ellers så er det nok mest fokus på flytting for augenblinken. Kristian har endeleg levert Master-oppgåva si og det vil seie at han har god tid til å ta tak i alle tinga som har overvintra bak på kottet. Resultatet er at det allereie no er fleire kasser rundt omkring i vår kjempestore leilighet. Og neste laurdag må alt vere klart, då ber det sørover med flyttelass!

fredag 9. mai 2008

Tida er ute!

Iallfall nesten... Den 15. mai vil vi gjerne ha svar om kven som kjem for å feire dagen saman med oss!

Hugs også å bestille rom på Christineborg så fort som mogleg dersom det er aktuelt, då turistsesongen nærmar seg og tyskarane snart gjer sitt inntog på Runde!

mandag 7. april 2008

Endå ein ting gjort

Laurdag var ein bra dag, ikkje berre fikk Beathe vite at ho får att skattepengar i år, men i tillegg kjøpte vi Wii-dansematte OG ikkje minst fikk vi ordna ønskeliste på både Cristiania Glasmagasin og Tilbords! Ta ein kikk på ønskelista til høgre dersom du ønsker tips! Godt med alt som er gjort, manglar berre kake, bloster og bil no!

lørdag 29. mars 2008

Det nærmar seg!

No er det snart kun tre månader til den store dagen i juli. Ting byrjar å kome i boks etter at vi trulova oss i mai i fjor. Kyrkje og hus er for lengst bestilt, invitasjonar er sendt ut og vi har begge ordna oss kle for anledninga. Men fortsatt er det ein del ting som står igjen...

Vi har allereie fått spørsmål om ønskeliste, om det er fordi folk har veldig lyst å kjøpe gave i god tid eller om det er grunna nysgjerrigheit spelar inga rolle.:) Dessverre er den nok ikkje heilt klar endå, men vil etterkvart dukke opp her på bloggen vår.